Jakta på sanninga
Her får du informasjon om dei interaktive utstillingane på Bergen offentlege bibliotek og andre bibliotek i Vestland fylke.
Jakta på sanninga
Gjennom samtale og refleksjon, spel og interaktivitet gir «Jakta på sanninga» ei læringsoppleving til ungdom om dagens informasjonssamfunn i sosiale medium. I dag fortel informasjonsstraumen vår oss alt frå kva vi skal ete, til kva parti vi bør stemme på. Men kan vi eigentleg stole på alt vi ser, høyrer og les? Og korleis kan vi vere sikre på at vi baserer vala våre på sann informasjon?
Med konkrete døme frå ein digital kvardag skal utstillinga bidra til å styrke den kjeldekritiske kompetansen og mediebevisstheita blant ungdom i dagens informasjonssamfunn.
Interaktivt spel
Korleis kan vi navigere i ein informasjonsstraum som er prega av algoritmar, kunstig intelligens og
avsendarar som ønsker å påverke oss? I denne delen av utstillinga møter du ein chatbot, ein samtalebot som trenar deg opp til å bli din eigen faktasjekkar. Det interaktive spelet lar deg teste konkrete verktøy på døme frå sosiale medium.
Fire på rad
Elevane kan også spele fire på rad med eit samtalebrett og ein terning, når dei ventar på tur til å prøve utstillinga. Elevane skal dele tankane sine om eigne digitale liv, og korleis dei brukar dataspel og sosiale medium. Dei kan også ta med samtalebrettet til klasserommet og bruke brettet som undervisningsressurs før og/eller etter dei har besøkt utstillinga.
Plakatar
Rundt på biblioteket heng plakatar. Les plakatane for tips og triks til kjeldekritikk i kvardagen.
Andre bibliotek i Vestland fylke
Her finn bibliotek utanfor Bergen meir informasjon om den mobile utstillinga og andre tilhøyrande ressursar. Vestland fylkeskommune ved eining for bibliotekutvikling har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til å vidareføre prosjektet. Slik kan Jakta på sanninga bli sendt på turné i fleire delar av fylket.