Å søkje med KI
60-90 minÅ bruke KI-søk for å finne informasjon kan vere nyttig, men det har òg mange avgrensingar. Her jobbar elevane med KI-søk og reflekterer over sterke og veike sider med det.



Gjennomføring
Introduser temaet og måla for timen. I løpet av økta skal elevane:
- kjenne til korleis KI-søk fungerer
- reflektere over kva styrkar og avgrensningar KI-søk har
- diskutere sin eigen bruk av KI-søk
Oppstart
Start med å la elevane tenkje gjennom desse spørsmåla og notere seg nokre svar. Be dei vere ærlege, dei treng ikkje vise svara til nokon, men dei skal bruke dei seinare.
- Kva trur du skjer når du stiller ChatGPT (eller ein annan språkmodell) eit spørsmål?
- Kvar trur du informasjonen i svaret kjem frå?
- Når tenkjer du det er greitt å bruke KI til skulearbeid – og når tenkjer du det ikkje er det?
Elevane gjer oppgåve 1
Elevane ser videoen og jobbar med oppgåvene.
Elevane gjer oppgåve 2
No skal elevane teste ut kor mykje dei hugsar frå ulike typar søk. Dei gjer denne oppgåva kvar for seg. Dei kan bruke KI-verktøyet til skulen, eller Google sitt AI-oversyn for oppgåve A.
Elevane startar med å opprette to tomme dokument før dei byrjar på oppgåvene.
Elevane gjer oppgåve 3
Elevane diskuterer bruken av KI-søk som verktøy.
Klassesamtale
No som det har gått nokre minutt, skal elevane sjå kor mykje dei hugsar frå oppgåve 2. Denne oppgåva kan gjerast skriftleg eller munnleg.
Be alle elevane lukke maskinene sine. Når dei har gjort det, ber du dei svare på spørsmåla:
- Kva er dengufeber? Kva er symptomane, og korleis smittar det?
- Kva er ebola? Kva er symptomane, og korleis smittar det?
Oppsummer i klassen etterpå. Var det nokon skilnad på kva elevane hugsa best? Var det nokon som hadde ulike svar?
Avslutning
La elevane sjå på det dei skreiv ned i starten av timen. Har dei endra meining på nokre av punkta? Oppmod dei til å dele med klassen.
Oppsummer oppgåve 3B i fellesskap. Samle gjerne dei beste spørsmåla frå klassen til ei felles sjekkliste eller flytskjema på veggen i klasserommet.
Alternativ
Kompetansemål
Samfunnsfag 10. trinn
Vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår.
Medier og kommunikasjon
Innhente, vurdere og bearbeide relevante kilder i eget arbeid.
Tverrfaglige temaer
- Demokrati og medborgerskap