Søkjekurs

Å kunne søkje etter informasjon og vurdere kva for kjelder som er eigna og truverdige, er ein viktig kompetanse. Her finn du ei samling av undervisningsopplegg som styrkjer evna elevane har til å søkje og velje kjelder.

Søk betre

Dette undervisningsopplegget tek for seg sjølve søkjefeltet. Elevane jobbar med ulike funksjonar i Google som hjelper dei med å presisere søket sitt, slik at dei får søkjeresultata dei er ute etter.

Kva er omvendt bildesøk?

I dette opplegget lærer elevane å bruke omvendt bildesøk som verktøy. Dei får erfare korleis verktøyet fungerer, kva slag informasjon dei kan finne, og når det er særleg nyttig å bruke det.

Korleis finne fram i søket?

Å kunne gjere eit godt søk er berre halve jobben. Det er like viktig å kunne velje ut gode kjelder. Dette opplegget tek for seg kva som ligg bak rangeringa av søkjeresultatet, og korleis du kan vurdere dei ulike treffa.

Å søkje med KI

Å bruke KI-søk for å finne informasjon kan vere nyttig, men det har òg mange avgrensingar. Her jobbar elevane med KI-søk og reflekterer over sterke og veike sider med det.

Bokmål

Heile søkjekurset er også tilgjengeleg på bokmål.