Korleis finne fram i søket?

45-60 min

Å kunne gjere eit godt søk er berre halve jobben. Det er like viktig å kunne velje ut gode kjelder. Her jobbar elevane med nettopp det å navigere i søkjeresultatet.

Diskusjon
Video

Førebuing

Sjå gjennom elevsida og gjer deg klar til å dele ho med elevane. Du må kunne spele av video med lyd til klassesamtalen. Ta med post-it-lappar til avslutninga.

Gjennomføring

Introduser temaet og måla for timen. I løpet av økta skal elevane:

  • kjenne til kva som ligg bak rekkjefølgja til eit søkjeresultat
  • reflektere over eigne søkjevanar
  • diskutere korleis ein kan velje kjelder i søkjeresultatet

Oppstart

La elevane diskutere spørsmåla under med læringspartnar

  • Kvar går du når du skal finne informasjon?
  • Kva er det som avgjer kva nettsider du får opp først i eit Google-søk? Skriv ned to ting som du trur påverkar rekkjefølgja.

Oppsummer i fellesskap. Del deretter ut elevsida.


Elevane gjer oppgåve 1

Elevane ser videoen og diskuterer spørsmåla under.

Dei jobbar med oppgåvene i læringspar.

Kampen om merksemda (1:36)

Klassesamtale

Oppsummer førre oppgåve. Bruk deretter presentasjonen for å vise neste video, og la elevane ta stilling til utsegnene på dei neste sidene. Du kan la dei rekke opp handa for einig/ueinig, eller la dei ta stilling med kroppen ved at “einig” og “ueinig” er på kvar si side av klasserommet. Be nokre elevar grunngje meiningane sine.

Elevane gjer oppgåve 2

Elevane ser neste video før dei diskuterer spørsmåla under. Korleis kan vi velje dei kjeldene som er riktige for oss?

Vel riktig kjelde (2:11)

Elevane gjer oppgåve 3

Korleis vil du vurdere dine eigne søkjevanar? Kor godt eigna er dei til å skaffe deg den informasjonen du treng? Fullfør setningane under eller skriv dine eigne.

Eg er god på...

Eg kan bli betre på...

Avslutning

Del ut ein post-it-lapp til kvar elev, og la dei svare på dette spørsmålet som ei oppsummering:

  • Kva er éin ting du kan gjere no for å bli litt betre til å finne påliteleg informasjon? Skriv ein post-it til deg sjølv og klistre han på pulten din.

Alternativ

Kompetansemål

  • Samfunnsfag 10. trinn

    Vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår.

  • Medier og kommunikasjon

    Innhente, vurdere og bearbeide relevante kilder i eget arbeid.

  • Naturfag 10. trinn

    Analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger.

  • Naturfag Vg1 SF

    Drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere pålitelighet i informasjon fra ulike kilder.

  • Norsk Vg2 YF

    Bruke ulike kilder på en kritisk, selvstendig og etterrettelig måte.

  • Norsk 10. trinn

    Bruke kilder på en kritisk måte, markere sitater og vise til kilder på en etterrettelig måte i egne tekster.

  • Medie- og informasjonskunnskap

    Innhente, vurdere og bruke kilder på en relevant og etterprøvbar måte.

Tverrfaglige temaer

  • Demokrati og medborgerskap
  • Folkehelse og livsmestring