Kva er omvendt bildesøk?

45-60 min

I dette opplegget lærer elevane å bruke omvendt bildesøk som verktøy. Dei får erfare korleis verktøyet fungerer, kva slag informasjon dei kan finne, og når det er særleg nyttig å bruke det.

Tekstarbeid
Diskusjon
Video

Førebuing

Sjå gjennom elevsida og gjer deg klar til å dele ho med elevane. Prøv gjerne ut verktøyet sjølv på førehand.

Gjennomføring

Introduser temaet og måla for timen. I løpet av økta skal elevane:

  • kjenne til korleis ein gjer eit omvendt bildesøk
  • diskutere når omvendt bildesøk kan vere nyttig

Del deretter ut elevsida.

Elevane gjer oppgåve 1

Elevane ser videoen og diskuterer spørsmåla i par. Oppsummer spørsmåla i fellesskap før elevane går vidare til neste oppgåve. Vis gjerne videoen på storskjerm.

Kva er omvendt bildesøk? (2:06)

Elevane gjer oppgåve 2

Elevane jobbar kvar for seg. Dei vel eitt av dei tre bilda, gjer eit omvendt bildesøk og svarer på spørsmåla. Dei noterer ned svara sine.

Bilde av kyrkje (venstre), foto: Christian David. Bilde av Storelgen (midten), foto: Tryggve Karlsen (NTB). Bilde av legofigurar (høgre), foto: Mike Stimpson.

Elevane gjer oppgåve 3

Elevane søkjer med det same bildet i to andre søkjemotorar for bildesøk. Dei noterer ned eventuell ny informasjon dei finn.

Elevane gjer oppgåve 4

Elevane deler funna og notata sine med læringspartnar.

Avslutning

La gjerne nokre elevar vise fram bildet sitt og fortelje kva dei fann ut.

Oppsummer timen ved å gå gjennom måla på nytt:

  • Korleis gjer ein eit omvendt bildesøk?
  • Når kan det vere nyttig?

Alternativ

Kompetansemål

  • Samfunnsfag 10. trinn

    Bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er.

  • Samfunnskunnskap Vg1/Vg2

    Utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar.

  • Medier og kommunikasjon

    Innhente, vurdere og bearbeide relevante kilder i eget arbeid.

  • Norsk Vg2 YF

    Bruke ulike kilder på en kritisk, selvstendig og etterrettelig måte.

Tverrfaglige temaer

  • Demokrati og medborgerskap
  • Bærekraftig utvikling