Søk betre
45-60 minI dette opplegget jobbar elevane med å søkje etter informasjon og lærer korleis dei kan bruke ulike teknikkar i Google for å få betre søkjeresultat.


Gjennomføring
Introduser temaet og måla for timen. I løpet av økta skal elevane:
- kjenne til ulike teknikkar for å gjere effektive søk med Google
- diskutere fordelar og ulemper med ulike kjelder til informasjon
Elevane gjer oppgåve 1
Elevane diskuterer spørsmåla med læringspartnar og noterer svara. Dei får bruk for svara seinare.
Elevane gjer oppgåve 2
Elevane ser videoen som introduserer søkjemotorar og korleis dei kan bruke søkjefeltet. Så jobbar dei med oppgåvene under.
Elevane gjer oppgåve 3
Elevane ser videoen om ulike søkjeoperatørar dei kan bruke for å få meir spesifikke søkjeresultat. Deretter jobbar dei med oppgåvene under.
Elevane gjer oppgåve 4
Elevane ser videoen om andre måtar å avgrense søket sitt på og gjer oppgåvene under.
Elevane gjer oppgåve 5
Elevane diskuterer spørsmåla under.
Avslutning
Avslutt med å oppsummere spørsmåla frå oppgåve 5 i fellesskap.
La elevane til slutt skrive ein exit-lapp der dei svarer på spørsmålet:
Kva for ein av teknikkane de har jobba med i dag, trur du vil vere mest nyttig for deg?
Alternativ
Kompetansemål
Medier og kommunikasjon
Innhente, vurdere og bearbeide relevante kilder i eget arbeid.
Samfunnsfag 10. trinn
Bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er.
Naturfag 10. trinn
Analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger.
Naturfag Vg1 SF
Drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere pålitelighet i informasjon fra ulike kilder.
Norsk Vg2 YF
Bruke ulike kilder på en kritisk, selvstendig og etterrettelig måte.
Norsk 10. trinn
Bruke kilder på en kritisk måte, markere sitater og vise til kilder på en etterrettelig måte i egne tekster.
Medie- og informasjonskunnskap
Innhente, vurdere og bruke kilder på en relevant og etterprøvbar måte.
Tverrfaglige temaer
- Demokrati og medborgerskap
- Folkehelse og livsmestring