Kortprat om kjeldetillit
10-45 minI dette undervisingsopplegget lærer elevane om kjeldetillit, og reflekterer rundt kva kjelder dei ville lent seg på i ulike situasjonar.
Gjennomføring
Introduser temaet for timen, og kva du ønsker at elevane skal lære i løpet av økta:
- Kva er
- Medvit om kva kjelder du har tillit til i ulike situasjonar, og kva som gjer at du stoler på dei
Omgrepet kjeldetillit
Skriv ordet «kjeldetillit» på tavla. Høyr med elevane kva dei tenker om ordet. Har dei høyrt det før? Kva trur dei ordet betyr? Trekk gjerne inn ord som og her òg, før de jobbar med ordforklaringa av . Lag eit tankekart på tavla som bygger på det de pratar om.
Kortprat i grupper
Gruppene kan trekke eitt og eitt kort frå kortpraten, og samtale rundt kortet. Instruksjon til kortpraten får elevane opp når dei opnar korta første gong. Spørsmåla som dukkar opp, knyter seg alle til temaet kjeldetillit.
Medan elevane jobbar, går du rundt og høyrer kva dei ulike gruppene snakkar om. Hjelp dei med å stille oppfølgingsspørsmål, og oppfordre dei til å vere nysgjerrige lyttarar. Det kan òg vere fint å høyre med dei om dei er ueinige om nokon av korta, og utfordre dei til å grunngi standpunkta sine. Som støtte kan du skrive opp nokre døme på oppfølgingsspørsmål på tavla.
Oppsummering i plenum
Samanfatt kortpraten i fellesskap. Kva erfaringar gjorde elevane seg? Har de fleire poeng de kan føye til på tavla?
Er det nokon kjelder dei aldri vil bruke, eller nokon kjelder dei meiner alltid er truverdige? La dei gjerne kome med døme på når ei kjelde kan vere god, og når ho kanskje ikkje eignar seg. Eit poeng her kan vere å sjå på balansen mellom kjeldetillit og kjeldekritikk. Vi må kunne stole på noko, samtidig som at vi ikkje kan ta alt for god fisk.
Alternativ
Kompetansemål
Mediesamfunnet Mediesamfunnet 1
Bruke strategier for kildesøk og utøve kildekritikk i tilknytning til tekster og medieproduksjoner.
Naturfag 10. trinn
Gi eksempler på dagsaktuell forskning og drøfte hvordan ny kunnskap genereres gjennom samarbeid og kritisk tilnærming til eksisterende kunnskap.
Norsk Vg3 påbygging
Orientere seg i faglitteratur, vurdere kilder kritisk og skrive fagartikler som greier ut om og drøfter norskfaglige emner.
Matematikk 9. trinn
Tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå media og lokalsamfunnet.
Mat og helse 10. trinn
Gjere greie for og kritisk vurdere påstandar, råd og informasjon om kosthald og helse.
Norsk 10. trinn
Bruke kilder på en kritisk måte, markere sitater og vise til kilder på en etterrettelig måte i egne tekster.
Vg1 helse- og oppvekstfag Kommunikasjon og samhandling
Reflektere over kva digital dømmekraft inneber, vurdere kjelder kritisk og vise nettvett i arbeidet.
Tverrfaglige temaer
- Demokrati og medborgerskap
- Folkehelse og livsmestring