Kva er «heating» på TikTok?
15-90 minKva er «heating» på TikTok, og kva konsekvensar kan det ha for oss?
Gjennomføring
Introduser temaet for økta og kva du ønsker at elevane skal lære i løpet av arbeidet:
- Kva heating på TikTok inneber
- Kva konsekvensar slik fremming kan ha for oss på sosiale medium og i samfunnet
Arbeid med grøn side av arket
Del ut arka med den grøne sida opp, eitt ark til kvar gruppe. Dersom elevane jobbar digitalt, deler du heller ut elevsida.
La elevane få eit par minutt til å undersøke kva betyr. Dei kan til dømes bruke ein søkemotor til å søke på heating og TikTok. La gruppemedlemane diskutere og fylle inn felta for definisjonar, døme og konsekvensar.
Ta ei felles oppsummering av kva fenomenet heating er, og det gruppene har prata om.
Arbeid med snakkeboblene
Snu arket med den gule sida opp.
Elevane skal kvar for seg ta stilling til kva utsegn som passar dei best. Deretter skal dei dele med dei andre på gruppa kva dei har valt, og ikkje minst kvifor.
Oppfordre dei til å utfordre kvarandre og stille oppfølgingsspørsmål. Bruk gjerne presentasjonen under for å ha spørsmåla synlege på storskjerm medan elevane diskuterer.
- Kvifor det?
- Gjeld det i alle situasjonar?
- Er det nokon gonger du meiner det ikkje er slik?
- Korleis ville det ha vore viss alle tenkte slik?
Diskuter i grupper
Gruppene diskuterer dei to spørsmåla under. Dei kan gjerne fylle på notata på den grøne sida av arket.
Avslutning
Samanfatt samtalane rundt snakkeboblene i plenum.
- Er det nokon perspektiv dei ulike gruppene ønsker å trekke fram?
- Kva tenker klassen om heating etter å ha jobba med det?
- Kva rolle trur de heating kjem til å ta i løpet av året som kjem?
Alternativer
Kompetansemål
Kommunikasjon og kultur
Analysere og drøfte hvordan kommunikasjon påvirkes av sosiale faktorer .
Teknologi og forskningslære Teknologi og forskningslære 1
Drøfte etiske problemstillinger knyttet til teknologisk utvikling.
Samfunnskunnskap Vg1/Vg2
Utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar.
Samfunnsfag 10. trinn
Utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur.
Psykologi Psykologi 2
Drøfte hvordan sosial påvirkning og interaksjon i grupper kan påvirke holdninger, atferd og identitet.
KRLE 10. trinn
Identifisere og drøfte etiske problemstillinger knyttet til ulike former for kommunikasjon.
Samfunnskunnskap Vg1/Vg2
Vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn.
Demokrati i praksis
Bruke ulike påvirkningskanaler for å nå ut til en bestemt målgruppe og reflektere over etiske problemstillinger knyttet til påvirkning.
Medie- og informasjonskunnskap
Diskutere etiske utfordringar knytte til Internett og nye medium.
Samfunnsfag 10. trinn
Vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår.
Tverrfaglige temaer
- Demokrati og medborgerskap
- Folkehelse og livsmestring
- Bærekraftig utvikling